Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sanitetsforeninga inviterer til lunsj i Sanitetshuset, og også til KløverRUSLEtur.

Dordi Jorunn Halle Fredag 23. august 2019

Todalen sanitetsforening inviterer måndag 26. august eldre og godt vaksne i bygda til lunsj i Sanitetshuset kl. 12.00. Det blir eit enkelt måltid med tid til å prate og hygge seg rundt borda.

Tilbodet  er i tråd med nasjonal handlingsplan frå  Helsedirektoratet, «Leve heile livet». Eit av tiltaka i plana er å lage gode sosiale møteplassar for eldre i lokalmiljøet t.d. med å kome saman for å få eit sunt måltid i lag med andre. NKS er med i prosjektet, og plana for Sanitetsforeninga i Todalen er å servere lunsj no i august, seinare  i september og oktober, og så blir det middag i november.

Sanitetsforeninga ønskjer eldre og godt vaksne velkomne til lunsj og sosialt samvær!

Den som treng skyss, kan ta kontakt med Jorun Gislaug Ørsal – 92278914, eller Dordi Jorunn Halle – 92458007.

RUSLETUR

Måndag 26.august er det tid for den første RUSLETUREN etter sommarferien. Oppmøte ved Sanitetshuset, og start derifrå kl. 11.00. Her kan ein gå heilt korte turar i byggefeltet, rundtur rundt byggefeltet, til Småbåthamna eller kanskje Løfta. Alle får følgje på turen, og kl. 12 er alle velkomne til å ete lunsj i Sanitetshuset.

Treng ein skyss, kan ein kontakte Jorunn Gislaug eller Dordi Jorunn.

VEL MØTT TIL TRIM OG SOSIALT SAMVÆR MED LUNSJ!

Publisert: 23. august 2019, 22:31