Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Saniteten med nytt kunstlotteri

Elinor Bolme Onsdag 8. januar 2014

Todalen Sanitetsforening har allerede anskaffa eit nytt kunstverk til å lodde ut på desember. Det er no fjerde året på rad at Todalen Sanitetsforening har ei slik utloddning. Tidlegare år har det vore kjøpt kunst av lokale kunstnarar med tilhørigheit i Todalen. I år er også ein lokal kunstnar valgt, men denne gongen frå Rindal, nemleg Inga Dalsegg. Ho vart som dei fleste er kjent med valgt til «Årets Drivanavn 2013» og i etterkant slo ho til med stort kunstsalg for å gi litt tilbake for prisen. Saniteten fekk i tillegg ekstra «sanitetsrabatt» for sitt valg, for å komme i samsvar med årets budsjett!

Inga_Dalsegg_-_Gentle_Touch

Bildet som Todalen Sanitetforening har valgt ut heiter «Gentle touch», eller slik cirka «varsam berøring» på (ny)norsk. Bildet blir hengande i Sanitetshuset størsteparten av tida fram til det årlege førjulstreffet på desember, der det ligg loddbok tilgjengeleg. I løpet av året kjem nok også bildet til å bli med på ulike tilstelningar for å nå fleire som ønsker å støtte opp om sanitetens arbeide. Inntekta av bildet går blandt anna til drift og vedlikehald av Sanitetshuset med dei fire utleigebustadene som saniteten eig og driv.

Sjå enda fleire av bildene til Inga Dalsegg på heimesida hennar www.ingadalsegg.com, og gjer eitt kunst kupp.

Ellers er det eit par datoar som er verd å merke seg i løpet av kommande tid i forbindelse med Saniteten:

  • Laurdag 11.januar: Strikkekaffe
  • Tirsdag 4. februar: Årsmøte
  • Laurdag 26. april: Klesinnsamling til Estland
Først publisert: 8. januar 2014, 00:38 - Sist oppdatert: 7. januar 2014, 22:38