Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Saniteten bygger uthus

Saniteten bygger uthus

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. april 2010

Saniteten har satt opp redskapshus på tomta til Sanitetshuset. Her skal det bli plass for plenklippar, trillebåre og anna utstyr som er på bruk. Huset er eit elementbygg frå MøreTre og sist laurdag var det tekkjng på gang i det fine vårværet.

Det var Espen Husby og Ken Marius Pedersen som har teke på seg oppdraget med å legge på pappshingel på taken. Da Todalen.no var innom var oppdraet mesta fullført. Dersom vêrmeldinga stemmer så får ein kanskje testa om taket evart tett i løpet av helga.

Først publisert: 24. april 2010, 20:00 - Sist oppdatert: 28. juni 2010, 04:01