Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Saniteten bydde på bollar, kakao og fastelavnsris

Jon Olav Ørsal Sundag 2. mars 2014
Salgs av fastelavnsris er eit av innteksfundamenta til Sanitetskvinnene. Slik har det vore gjennom lange tider, og laurdag aksjonerte nokre av medlemane i Todalen Sanitetsforening med stand utafor Matkroken L. Hals. Her bydde dei på nystekte boller og varm kakao i den bleike vårsola. Og sjølvsagt hadde dei ein baktanke med dette, for det var salg av fastelavnsris som var hovudbudskapet.
For ein 50-lapp fikk du ein bukett bjørkeris som var pynta med fjør i mange farger, eller du kunne betale nokre kroner for å være med å finansiere pyntinga av “sanitetstreet” som står på vegkanten mellom butikken og Talgø-fabrikken. Eller dersom du heller ville prøve lykka i lotteriet, så kunne du kjøpe lodd og vinne eit fint kunstverk frå Inga Dalsegg.
Utover føremiddagstimane var det mange som var innom og som sette pris på tilbodet frå saniteten, fortel leder Maren Ansnes som er godt nøgd med responsen frå publikum.
Først publisert: 2. mars 2014, 00:01 - Sist oppdatert: 1. mars 2014, 21:50