Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Sandfraktar  ved  kaia  i  Todalen

Sandfraktar ved kaia i Todalen

Jon Olav Ørsal Tysdag 31. juli 2012

Måndag kveld la sandfraktaren MS Torvåg frå Molde til kai i Todalen. Båten kom med 650 tonn med knusagrus og singel, som skulle leverast til Per E. Gjeldnes Maskin. Båten kom frå Viken Pukkverk i Harøysund ved Bud, og la til ved kaianlegget attmed Rossåa Settefisk, der Per E. Gjeldnes har depotlager for singel og knusagrus.

Dette utgjer omkring 400 m3 med grus av dei to kvalitetane der singelen blir bruka til drenerande fyllmasse og knusagrusen er vanleg veggruskvalitet. Lossinga pågikk utover ettermiddagen og kvelden, og båten stakk til havs igjen så snart den var tømt.

Publisert: 31. juli 2012, 21:34