Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Samla heile slekta i ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. august 2019

Det var slekta etter Ingeborg og Ole Husby frå Falløya som laurdag var samla i Todalen ungdomshus, både for å treffes og for å bli betre kjent. Det var Odd Arild Sande, kona Eva og Jim Bruseth frå Texas som har vore initiativtakarar og som har planlagt gjennomføringa av prosjektet. Til saman vart det invitert 35 tremenningar, og 20 av dei kom. Med ektefeller og 9 barnebarn på kjøkkenet er vi 48 i ungdomshuset i dag, seier Odd Arild.

Av dei 35 tremeningane som var invitert var det heile 20 som kom for å delta på treffet – her er dei 20 samla til fotosesjon. Foto: Jon Olav Ørsal

Odd Arild fortel at Jim kom frå Texas for ei vekes tid sia, for å være med på innspurten i førebuingane og klargjering til treffet. Programmet i dag har mellom anna det mellom anna vore «mingling» for å bli betre kjent med kvarandre. I tillegg er det laga ein presentasjon med mykje informasjon om dei enkelte familiane og korleis dette heng saman i ei etter kvart stor slekt.  Vidare har vi vore på busstur rundt bygda for å vise fram og fortelje om sentrale plassar som for eksempel Falløya, der opphavet til familien (Ingeborg og Ole) budde.

Til slutt har det no vore middag her i ungdomshuset og rundar av med kaffe og kaker før vi slår sluttstrek for dette familietreffet. Vi er veldig glad for at vi satte i gang dette prosjektet, seier Odd Arild.  Det er også Jim Bruset som kom frå Texas for å være med på dette og for å bli betre kjent med alle slektningane han har i Todalen og rundt omkring på denne måten.

Som seg hør og bør ved slike høve så bør det være ei skikkeleg kake foto: Eva Sande

Det var stor interesse for slektsinfo som Odd Arild hadde samla i ein flott presentasjon. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 17. august 2019, 20:27