Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Samla heile bygda til frukost på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. mai 2014

Etter at biltoget var ferdig som første post på programmet, var det klart for ein lang og god frukost på Bordholmen. TILs fotballgruppe hadde invitert sambygdingane til felles frukost, og jammen kan en seie at dei kom! Til saman 174 personar vart traktert med god og solid frukost. Russen som også deltok og var godt synleg i biltoget var invitert på gratis frukost, og det trur vi dei sette pris på.

Det var nok litt spenning i leiren hos fotballgruppa på moronkvisten, for da var det skydekke langt nedover liene og litt regn. Men etter kvart tok vêrgudane til vettet, og før frukosten kom på bordet var det både solgløtt og etter kvart ein brukbar utetemperatur.  Ungdomshuset var alternativ arena for frukosten i tilfelle dårleg vær, men frukostkomiteen hadde med rette is i magen og det vart eit triveleg og sosialt arrangement etter kvart som sola fekk tak.

Vi kjem etter kvart att med bilder og omtale av folketog, gudsteneste og arrangement i skulen.

Vi har lagt ut eit utval med bilder frå frukostarrangementet som altså samla 174 todalingar og andre rundt borda på Bordholmen.    Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Publisert: 17. mai 2014, 18:06