Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Samla 60 til kulturvandring på Hjellnes

Jon Olav Ørsal Sundag 22. mai 2016

Todalingane har stor interesse for å ta vare på bygdehistoria si – søndag samla Todalen historielag rundt 60 deltakarar på kulturvandringa som denne gongen foregikk på Hjellnes, der vi både fikk sjå å høre om historia for dei to gardane – Nestua og Oppistua. – Dei eldste husa som står på Hjellnes i dag er frå midten av 1800-talen, men det er dokumenter aner attover til 1645.

BjørnH&JohnM_0399

Bjørn Halle hadde mykje å fortelje om og mykje å vise fram på gardsmueet. Foto: Jon Olav Ørsal

Under kulturvandringa var det kårkallen, Bjørn Halle som fortalte litt om historia for Nestua og om husa der som har vore flytta litt sia gammel tid. Mellom anna er stabburet som stod i garstunet flytta og sett oppatt på museet på Åsen. det skjedde på slutten av 50-talet. Våningshuset er frå 1856 og fjøset frå 1910. Bjørn nemte elles at garden vart kjøpt frå kyrkja i 1831.  Løa i Nestua er også gamal, utan at ein veit eksakt alder. Men deler av bygget er så gamalt at det er øksa til i staden for å bruke sag. I Nestua var det også omvisning på gardsmuseet, der det er samla og teke vare på mykje gamle reiskap både til hushaldning og gardsarbeid. Elles fortalte han at Haugabu som i dag står i Hallagrenda. Det var Edvart Jeldnes som bygde det tidleg på 1900-talet og som bygde på ein etasje og flytta husa til Halla, da han var heime frå Amerika ein tur i 1930-åra. I dag er det Siv halle som er eigar og drivar i Nestua.

KristianG&JohnM_0456

Kristian Gjeldnes fortalte om Oppistua og oppveksten som yngstemann der. Her saman med leiar i historielaget John Moe. Foto: Jon Olav Ørsal

Kristian Gjeldnes og Synnøve Gjeldnes Myklebust orienterte etterpå om husa og livet i Oppistua og om Hjellnesstemna som vart arrangert her gjennom ein periode på rundt 50 år – til dette arrangementet vart flytta til forsamlingshuset på Nordvik. I Oppistua er også husa frå 1850-talet. I sommar skal det byggast nytt saufjøs som skal erstatte det gamle og gje plass til rundt 200 vinterfora sauer. Det er Torill Gjeldnes og Per Åke Jakobsson som er eigarar og drivarar i Oppistua i dag.

Elles blir på ein slik dag diskutert og fortalt om mange ting. Bjørnejakta var det sjølvsagt naturleg å nemna, og den siste bjørnet som vart skoten på Hjellnes var i 1915, og her finns skinnet i samlinga i Nestua. Elles gikk praten lett under kaffepausen, der historielaget stiltte med svarkjel og koka kaffe til deltakarane på grillen, og det dukka stadig opp nye spørsmål og ny viten omkring livet på Hjellnes og andre hendinga fra gamal tid.

Nedafor finn du eit bildegalleri fra kulturvandringa på Hjellnes.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

 

 

 

 

Publisert: 22. mai 2016, 18:24