Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Salmekveld i Øye kyrkje

Elinor Bolme Tysdag 27. september 2016

Torsdag 29.sept.blir det song og musikk i Øye kyrkje. Tidlegare sokneprest Torbjørn Brøske vil med sin lette og inspirerande måte, fortelje om salmediktarane og litt historikk rundt salmane som blir presentert. Det blir mykje allsong der vi gjer oss kjend i den nye salmeboka, fortel kantor Oddveig Helset Halle i ein epost.

Det nystarta damekoret Credo under leiing av kantor Halle deltek med korsong. Ein får også høyre Elisabet Husby på fiolin ; ho flytta hit til Surnadal i 2010 saman med mannen sin Annbjørn Husby som er lærar på Nordmøre Folkehøgskule. Ho er også lærarutdanna med bachelor i musikk frå Høgskulen i Volda. Det blir «kveldstankar» og liturgisk avslutning ved sokneprest Vidar W.Rygh.

bilde-torbjorn-broske

Torbjørn Brøske leiar salmekvelden torsdag.

Øye og Ranes sokneråd ynskjer velkomne til ei fin kveldsstund i kyrkja.

 

Først publisert: 27. september 2016, 06:17 - Sist oppdatert: 26. september 2016, 21:23