Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sal av maiblomster i Todalen

Dordi Jorunn Halle Torsdag 25. april 2019

No er det snart mai, og det er tid for å pynte både seg sjølv og bilen eller andre kjørety litt ekstra. Todalen sanitetsforening vil selje maiblomster laurdag 4. mai framfor Hals frå kl 10.00 til kl. 16.00.

4.mai er felles salsdag for maiblomster over heile landet. Men det kan vere mange som synest det er greitt å ha maiblomsteren på plass til 1. mai. Da kan dei kjøpe maiblomster her frå fredag 26. april:

  • I Austigarden  – Åse Ville Redalen
  • På Sandstad   – Kari Kvendset
  • I Myrjarvegen – Synnøve Hole Talgø

Det blir sal av maiblomsterkrans som kostar 40 kroner og bilblomster som kostar 50 kroner.

Sanitetskvinnene har selt maiblomster sidan 1909 og har samla inn over 200 millionar kroner til inntekt for folkehelsa. Inntekta går i dag til arbeid for barn og unge i landets 650 sanitetsforeiningar. Her er dette høgst aktuelt no da sanitetsforeiningane har vore medarrangør for russetreffet i Surnadal Sparebank for ei trygg russetid, og dei har betalt for vaksine mot hjernehinnebetennelse til russen. Viktig arbeid!

Kjøp maipynt med meining og støtt Sanitetskvinnene sitt arbeid for barn og unge!

 

Publisert: 25. april 2019, 19:49