Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Saknar sauer i Bjøråskaret

Jon Olav Ørsal Mandag 2. oktober 2017

Eystein Opdøl saknr nokre sauer som tidlegare i haust har gått mellom Bjøråskaret og Litj-Grinaren. Sauene vart sist observert for ei vekes tid sia, men da dei skulle hentast ned eit par dagar seinare var dei svart borte. 

Det har vore sterk vind i fjellet dei siste dagane så Eystein trur kanskje dei har gått i ly for vinden.  Det fine vêret og høge temperaturen har gjort at mange av dei sauene som går att i fjellet no framleis ståkar i høgda og er ikkje så viljau til å bli med ned.

Dersom du ser sauer i fjellet no, så er det sauer som går att etter at hovudsankinga er unnagjort, og saueigarane sett nok stor pris på at dei får eit hint om sauer som er observert ein eller anna plassen i fjellheimen

Publisert: 2. oktober 2017, 17:14