Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Så vart det fast dekke….

Så vart det fast dekke….

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. oktober 2012

I dag tidleg var det full sjau med legging av fast dekke på Rossåbrua. Rossåbrua har vore gjennom eit omfattande rehabiliteringsprosjekt, der det er laget ny føringskant og montert nytt rekkverk. Det er også lagt ein membran for å tette brudekket og hindre at det oppstår skade på betongen i brua på grunn av vatn som trenger inn. Til sist vart det i dag lagt nytt toppdekke på brua, som no er ferdig rehabilitert.

I tillegg er det utført reparasjoner på rekkverket på brua over Husbekken ved Todalshaugen, og på brua over Sagelva på Nordvik. Disse har og  fått nytt rekkverk. Onsdag vart det altså lagt nytt dekke på Rossåbrua, slik at den er klart for vinter og snøbrøyting.

Vi trudde sjølvsagt at det no vart lagt fast dekke på dei utbetringane som er gjort i Pilskaret, i Husbyevja og på den bermøte vegstumpen på Todalsøra når det først var asfaltlegging på gang i bygda. Men det er sikkert eit anna prosjekt og eit anna budsjett, så der tok vi feil!  Det er iallfall heilt sikkert at dersom det skal bli før vinteren gjer sitt inntog, så byrjar det å haste, for yr.no melder om snøfall alt på torsdag.

Publisert: 24. oktober 2012, 18:38