Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Så måtte det skje….

Så måtte det skje….

Jon Olav Ørsal Måndag 2. juli 2012

Var vel egentlig forberedt på at det kom til å skje. Det var berre spørsmål om når, og det vart søndag ettermiddag da det var behov for å fylle tanken med diesel. Trefte ein utflytta todaling og fast lesar på Todalen.no ved pumpa, og da gikk pålogging med bankkort og valg av pumpe på gammel vane. Men da fyllepistol skulle velges vart det sjølvsagt feil, sjølv om fylling av diesel har gått smertefritt i to år som dieselbileigar. Etter å ha fyllt eit titals liter slo bomba ned – dette var feil, for det var grøn pistol med teksta 95 oktan på. Bensin!

Ein rask telefon til verksmesteren på Sveen Auto ga ei rask avklaring – motoren måtte ikkje startast og bilen måtte på verksted for tømming og rensing. Etter et kvarters tid kom telefon om at jeg kunne hente lånebil som stod klar og venta hos Sveen Auto, så blir Touran din henta måndag. Anders Sagen stilte med skyss til Surnadal, og så vart det bil.

Måndag kom Odd Haltli og henta Touran, slik at verkstedfolka kunne ta ut tanken og tømme diesel- og bensinblandinga. Så vart det rengjering av tank og kontroll av drifstoffpumpe og dieselfilter før tanken kunne fyllast opp igjen – med diesel.

Har ikkje noko ønskje om å bli fast kunde på slike tjenester, så det vart spurt om det gikk an å gardere seg for ettertida. Og det går an, dersom ein kjøper ei spesialtopp til 3-400 kroner. Og den investeringa vart gjort. Så dersom ein treffer kjentfolk ved pumpene ved eit seinare høve, så er nok den investering tjent inn igjen ganske fort . Det var berre eit tips, og takk for god service!

Først publisert: 2. juli 2012, 18:00 - Sist oppdatert: 3. juli 2012, 07:34