Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Så kom vårløysinga, litt forsinka…

Jon Olav Ørsal Måndag 6. juli 2015

Regnvêret som kom måndag ettermiddag sette fart på snøsmeltinga i høgfjellet.  Frå ei vassføring ved Storfossen på rundt 18 m3/sek i 12-tida måndag passerte den 55 m3/sek i 20-tida, og har fortsett å stige etter det. Yr.no melder om regnvêr utover natta, men temperaturen er dalende og vil nok kome ned i 6-8 grader i høgfjellet og det vil nok dempe snøsmeltinga.

Det er nok ikkje snakk om flaum enno – NVE reknar vassføringa for ein «Middelflaum» til 74,4 m3/sek – men mykje vatn er det!

Vi tok en runde rundt bygda for å sjå på vassføringa og har lagt ut nokre bilde som er tekne rundt kl 22. da var det 56 m/3 vassføring ved målestasjonen.

IMGP7022

Etter at vegen ved hesthagan (Kårvatn) vart heva er det enno god margin til vegen. Foto: Jon Bruset

TeinHølen_0357

Frå Brusetbrua i retning Ramsøydalan. foto: Jon Olav Ørsal

BrusetBrua_0356

Brusetbrua i måndag kveld kl 22. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 6. juli 2015, 22:52