Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Så kom regnet…

Så kom regnet…

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. februar 2013

Etter ein lang kuldeperiode, slo det i natt om til mildvær og regn. Og med regnværet vart det nye utfordringar, med tette stikkrenner og vatn på mange plassar det det ikkje skal være vatn. Det er no lurt å ta en runde og kontrollere om vatnet renn dit det skal, og ikkje inn i kjellarar og garasjer. Utover ettermiddagen og kvelden går det igjen over til nø, og til natta blir det atter kuldegrader.  Her kan du sjå vêrmlding for det næraste døgnet og langtidsvarslet

Da vi knipsa eit bilde av Lars Stensby, var han i gang med å resne opp takrenner og nedløp som var frosne igjen. Her var det både lauvblad og is som demte opp.

I Brusetmarka var Per E. Gjeldnes i gang med graving ovafor Trudvangkrysset. Det er enno frosne rør her, men fleire etappar med vegarbeid og anleggsarbeid gjorde at det var vanskeleg å finne at rørtraseen.

 På Todalsøra var det også myke vatn, og tette vannpostar gjorde at det flauma over fleire plassar. men det såg ikkje ut som det hadde gått på skade nokon plass.

Publisert: 2. februar 2013, 15:35