Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Så flisa fyk oppi Fallå

Så flisa fyk oppi Fallå

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. november 2010
Skogkompaniet har rydda eit større område oppå Fallå for skog og kratt med tanke på utbygginga av Todalparken. No går alt virket i flishoggaren for å bli til brennbar biomasse som skal brukes til fyring hos MøreTre i Surnadal. Kristen Bruset i Skogkompaniet fortel at alt virke er teke ut som heltrær med kvisten på, og flisa skal brukast som ein testleveranse til fyringsanlegget hos MøreTre. Der skal gjerast ulike målingar undervegs, i eit prosjektetstudie i samarbeid med Fylkesmannen i M&R.
Det er Orkla Trebrensel frå Meldal som står for flishogginga, og det er rekna med at dette gir ca 800 m3 flis frå området i Falla, der Anita Talgø er skogeigar. Surnadal Transport sørger for frakting til Surnadal, og det er berekna at det blir 20-25 containere før alt er flisa opp til egna biomasse. Bruset seier at dette er eit av de få prosjekt dei har jobba med, der dei avskogar areal og alt virke går til fyringsflis.
Publisert: 17. november 2010, 22:00