Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Så blir det ein lang juleferie

Jon Olav Ørsal Fredag 20. desember 2013

Fredag var det siste skuledag for i år. Tadisjonelt brukar Todalen oppvekstsenter avslutte til jul med ei eiga julegudsteneste i Todalen kyrkje, og den korte turen til kyrkja tek dei sjølvsagt til fots, med eit fint fakkeltog nedover nedover i halv mørkret. Her er heile hopen på tur attende til skulen, og da var god trafikkultur sett i høgsetet. Så blir det ein lang juleferie, før skuleborn og lærarar treffes igjen etter nyttår.

Er vi heldige, så var det kanskje nokon som tok bilder av både fakkeltogen og frå gudstenesta i kyrkja?

Publisert: 20. desember 2013, 11:45