Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Søndag:  Historielaget  inviterer  til  Brusetmarka

Søndag: Historielaget inviterer til Brusetmarka

Jon Olav Ørsal Onsdag 30. mai 2012

Førstkomande søndag mellom kl 13 og 17  inviterer Todalen historielag til historisk vandring i Brusetmarka. Maren Ansnes som er ledar i Todalen historielag fortel at dei har fått Finn Talgø som kjentmann og omvisar. Det blir oppmøte på Gammelfabrikken og omvisning frå Bjørås, der Finn er født, og vidare innover til Gammelfabrikken. Der blir det omvisning i ustillingslokala til Talgø, samt rundt omkring i det flotte parkanlegget utafor fabrikken.

Her er det mykje gammel og god historie, og ingen kjenner vel brusetmarka og Gammelfabrikken så godt som Finn Talgø. Maren Ansnes fortel at det vil bli høve til å kjøpe pølse og brød, samt kaffe og forfriskninger på Gammelfabrikken. Historielaget håpar sjølvsagt på godt vêr til søndag, men det er ikkje godt å seie kva som skjer med vêret no når meteorologane er i streik! Alle er i allfall velkomne til den historiske vandringa i Brusetmarka.

Først publisert: 30. mai 2012, 23:34 - Sist oppdatert: 3. juni 2012, 19:30