Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Russen gav, og russen fikk

Elinor Bolme Onsdag 25. april 2018

I dag har Surnadal Sparebank arrangert den årlege samankomsten for årets russekull i Surnadal. På 9. året blir alle russ, raude som svarte invitert til pizza, info og omsorg i forbiindelse med den årlege russefeiringa som no står for døra.

Banken åpna arangementet med sine tilsette som orienterte om tema kvardagsøkonomi, kortbruk og sparing. Her er det nok mange tema som dei fleste ungdommar kanskje ikkje fokuserer på i såpass ung alder, men som absolutt er verd å ta ein gjennomgang på. Banken lanserte derfor ein liten filmsnutt der dei ulike tema vart belyst på ein grei måte.

Banksjef Allan Troelsen ønska naturleg vis velkommen, men svinga seg også rundt i servering av pizza til ungdommane.

Etterpå var det russen som ville ha eit ord til forsamlinga ved russepresident Åslaug Grimsmo. Dei hadde fått til eit lite overskudd på årets revy og etter fleire festar i Sagatun. Dette ønska dei å gje bort til nokon som hadde behov for det, og kunne benytte det til almennyttig interesse. Dermed vart Surnadal Røde Kors Hjelpekorps invitert for å motta ein gåvesjekk på 20 000 frå årets russekull. Leiar Reidar Brøske takka og kunne fortelje at pengane skulle gå til finansieringa av den nye båten, med utstyr til. Og med ein gåvesjekk frå tilsvarande beløp frå Surnadal sparebank i tillegg vart det jubel i Røde kors-leiren.

Tor Hansen orienterte litt om kva som er lurt og ikkje no framover når det gjeld både bil, rus og anna stafferettslege høve.

Helsesøster orienterte om sjukdommar og andre helsemessige utfordringar som det kan være greit å ha i tankane når festlivet kanskje kan ta over fornufta dei kommande vekene. Sanitetsforeningane orienterte om den nasjonale kampanjen Ja betyr ja, som handlar om å forebyggje voldtekter i russetida ved å fokusere på viktigheita av samtykke til sex. 

Her er alle involverte som bidrog til ei informativ samling til det beste for ungdommen i Surnadal framover. Frå venstre bak: Bjørn Arne Østbø (ambulanse), Tor Hansen (politi) Tone Hammer og Allan Troelsen (bank). Fremst: Lilly Gunn Nyheim (ordførar), Maren Ansnes (Todalen sanitetsforening), Margit Fugelsøy (Øvre Surnadal sanitetsforening), Liv Dalsegg (bank) og Ingunn Brekke (helsesøster).

Som vanleg var det utdeling av goodiebagger frå dei lokale sanitetsforeningane til slutt. Her var det både sanitærartiklar, kondomar, info frå helsesøster og apotek samt profilartikaler for kampanjen Ja betyr ja. 

Markedssjef i Surnadal sparebank Liv Dalsegg saman med fornøgde russejenter etter endt arrangement.

 

Publisert: 25. april 2018, 22:21