Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rusletur ved Gammelfabrikken

Dordi Jorunn Halle Måndag 11. juni 2018

Gammelfabrikken, Fossheim, var base for dagens Kløverrusletur. Da turgåarane møttest på Kvennsetøran var det kald nordåvind, og det var litt usikkert om det var ver til trim og  kaffelag ute i det fri.

Men i Brusetmarka var det gløtt av sol, nesten ikkje vind og i ein av krokane ved Gammelfabrikken var det rett og slett godt ver til kaffekos! Her sat folket lenge, prata og kosa seg.

Kjekt å gå tur i Brusetmarka. Frå venstre: Jorunn, Ingeborg og Grete. Foto: Dordi J H

Men før kaffelaget var alle ute på ein trimtur, somme kort og flatt, medan andre tok bratta oppover Falla. Det viktigaste er at ein kjem seg ut i frisk luft, får litt trim og ei hyggeleg stund.

Godt å sitje godt etter at ein har gått tur! Foto: Dordi J H

Måndag, 18. juni,  er det ny KLØVERRUSLETUR, den siste før ferien. Da blir Todalen Sanitetshus base. Håpar mange blir med både på ein liten eller lengre tur  og kaffesrevering med noko godt attåt.

Den 25. juni blir det siste KLØVERTUREN før ferien.

Her er fleire bilete frå turen ved Gammelfabrikken:

Riktig så god servering, to sortar graut, bakels og kringle. Frå venstre: Helen, Marit, Dordi, Eli og Sigrun. Foto: Dordi J H

Fint å ha kaffelag ved Fossheim. Frå venstre: Eli, Sigrun, Kari og Jenny. Foto: Dordi J H

Kjekt å treffast! Frå venstre: Ingrid, Jenny, Grete, Dordi Jorunn, Karen Johanne og Ingeborg. Foto: Jorunn Ø

Her er gjengen som var på tur innover Røyskattvegen 4. juni. Frå venstre: Sigrun, Marit, Jorunn, Dordi, Helen, Åse, Kari, Arndis, Dordi Ingeborg, Berit. Jon B var guide. Foto: Dordi Jorunn

Publisert: 11. juni 2018, 18:32