Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rusletur og lunsj oppå Tjønnmyrå; godt med folk, god mat og godt ver!

Dordi Jorunn Halle Måndag 9. september 2019

Yr melde godt ver, og Sanitetsforeninga slo til og inviterte til Rusletur og lunsj oppå Tjønnmyrå. Og det vart riktig fint ver – sol frå skyfri himmel og varmt, og det samla seg godt med folk ved gapahuken.

Vaksne, spreke damer som er frå 93 til 98 år. Frå venstre Anne, Jenny og Ingrid. Foto: Dordi J H

Først var det tur og trim, folk gjekk i grupper både hit og dit, kort eller langt, flatt eller litt brattare. Damer på over 90 år greidde motbakkane med glans! Det er berre å stå på for oss om er yngre og satse på å vera like spreke etter som åra går.

Området rundt gapahuken på Tjønnmyran er fint, og turdeltakarane kjem opp frå bygda og ut i naturen. Det gjer godt! Ja, i dag var enkelte rett så fornøgde med at dei hadde funne tyttebær som smaka kjøle godt!

Fint turver. Frå venstre Ester Karin, Anne, Jorunn og Ingrid. Foto: Jorunn H

Ved Stikk UT!-posten ytst på Tjønnmyrå. Frå venstre: Berit, Ingeborg, Svanhild, Anne Helene, Synnøve, Dordi. Foto: Karen Johanne

Karane tende opp i bålpanna. Og da alle var tilbake frå tur, vart det grilling av pølser som vart serverte med brød, lumper, rekesalat, sprøsteikt lauk, ketchup og sennep. Det smaka riktig godt! Maten smakar kanskje ekstra godt ute og når ein kan ete i lag med andre. Til maten var det servert heimelaga saft, og til dessert var det kortreiste plommer og eple, og til slutt ein sjokoladebit til kaffien. Stor trivsel og god prat rundt borda.

Svein og Hans var sjefsgrillarar. Foto: Dordi J H

Eli, Synnøve og Dordi kosar seg i sola. Foto: Dordi J H

Dette opplegget er eit samarbeidsprosjekt mellom omsorgsberedskapsgruppa og kløverturgruppa i Todalen sanitetsforening og er midt i blinken når det gjeld eit av måla til Norske kvinners sanitetsforening, nemleg «Omtanke i nærmiljøet». Og det er mange hender som hjelper til med kaffekoking, transport, innkjøp og turfølgje mm for at dette skal bli så bra.

Fleire bilete:

Mange ute på tur! Fremst Kitty og Jenny. Foto: Dordi J H

Kjekt å ete i lag. Frå venstre: Anne, Ingrid, Jenny og Grete. Foto: Dordi J H

Eigen samlingsplass for karane. Frå venstre Bernt, Svein og Hans. Bak: Karen Johanne. Foto: Dordi J H

 

 

Publisert: 9. september 2019, 19:29