Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rusletur i Øyalia

Dordi Jorunn Halle Måndag 10. september 2018

Etter plaskregn i natt vart det sol og godver for damene på Kløverrusletur i Øyalia. Her var det tur etter fin skogsveg, somme gikk langt og andre tok ein rusletur.

Frå venstre: Grete, Karen Johanne, Dordi, Marit, Eli, Ingrid og Jenny. Foto: Dordi J H

Etter trimmen vart det kaffelag på plattingen framfor Ungdomshuset – der var det riktig kjekt å halde til. Nysteikt eplekake med krem, kaffe og god prat. Retteleg triveleg, så kaffepausen vart lang og god.

 Det nok av alt – både kaker og kaffe! Frå venstre: Ingrid, Jenny, Grete, Karen Johanne. Foto: Dordi J G

Det er kjekt å vere på tur i lag, så det er berre å bli med på neste gong!

Om ei veke er det Kløvertur, og så blir det ny rusletur om 14 dagar. Turmål blir bestemt seinare når vi ser kva Yr melder.

Somme snudde i tide, medan andre tok vegen oppover lia. Foto: Dordi J H

Godt i solveggen! Foto: Dodi J H

Fint og kjekt å halde til ved Ungdomshuset! Uteborda var våte, men med innestolar å sitje på vart det bra! Foto: Dodi J H

Publisert: 10. september 2018, 21:05