Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Rundtur til Hemne og Aure

Rundtur til Hemne og Aure

Jon Olav Ørsal Sundag 22. juli 2012

Torsdag vart utferdstrongen såpass sterk at det vart ein liten biltur. Det skjedde meir eller mindre på impuls, og starten gikk i retning E39 for mellom anna å prøve nyvegen mellom Rodalen og Vinjeøra. Første stopp var på Valsøytunet på Valsøya. Der var vi litt for tidleg ute for dei opna først kl 13, men det var godt å strekkje litt på føtene før vi tok fatt på neste etappe etter nyvegen som nok var ei skikkeleg oppgradering. På Vinjeøra tok vi av til Kårøyann, som er ein utpost der KNT har kvarter på Fjordruta.

Vidare var vi innom i Fossdalen ein tur, med både hestar, geiter og mange høner, før turen gikk vidare til Kyrksæterøra. Der var det marknadsdager frå torsdag til søndag og eit rikt utbud og mykje folk i marknadsgata. Her var det tid for ein rask lunch, før turen gikk vidare i retning Aure kommune. Ny og fin veg leda oss til Tjelbergodden industriområde, der det er anlegg for ilandføring av gass frå Heidrun-feltet. Anlegget er sjølvsagt ikkje ope for publikum, men det er laga ein utkikspost, der ein kan sjå det meste av anlegget og over til vindmølleparken på Hitra.

Derfrå fortsette turen til Eidestranda. Der har Th. Lindaas eit fint anlegg i standkanten. Dei driv i dag fiskemottak og restaurant, og det var bygd ei fin utescene med paviljonar på kaia. Her vart det kaffepause på kaia, i koselege omgivelser. Deretter vart det ein svipptur til Aure sentrum før det bar over brua til Foldfjorden og til ferjekaia i Arasvika, med ferjetur over til Hendset i Halsa. Når vi vel og bra var kome på fastlandet igjen stod det «Gokart-kjøring» på eit skilt ved vegen.

Det var ved Klettaelva på Glåmsmyra, der Halsa Motorsportsenter held til. Her er det aktivitet alle vekedagar unnateke måndagar. På torsdagar, laurdagar og søndagar kan du leie gokart og prøve deg bak rattet.

Nedanfor kan du sjå nokre bildeglimt frå rundturen til Hemne og Aure.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 22. juli 2012, 11:11