Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Rundtur i Todalen

Rundtur i Todalen

Marte Talgø Tysdag 14. juni 2011

I dag var halve tiendetrinnet frå Surnadal ungdomsskule i Todalen. Andre halvdel kjem på fredag.

Det gjekk buss frå Surnadal klokka ni, så ungdommane kom til gammelfabrikken halv ti. Der blei det kort fortalt om Talgø møbelfabrikk av Ola Magne Nordvik, så fekk elevane gå rundt og sjå sjølv også. Dei var også innom Todalshytta der Håvard Halset fortalte litt historie. Så gjekk turen vidare til Pestua. Der fekk dei sjå inn i oksefjøset, og fekk sjå korleis dei pakka egg. Lama fekk dei også sjå. Så blei det kortvisitt ved Ica Nær Todalen, før dei dro vidare ned til bordholmen for å ete. Etter en pause med mat og fritid dro dei til Råssåfoss kraft, der Johan Todalshaug Hals fortalte om kraftverket. Etter det tok dei turen heim.

Publisert: 14. juni 2011, 15:03