Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rundt 80 kom til friluftsgudstenesta

Jon Olav Ørsal Måndag 21. april 2014

Rundt 80 tilhøyrarar hadde funne vegen til Haugligardane til gudsteneste 2. påskedag.  Sjølv om det stort sett har vore finvêr dei siste 10-15 åra at denne tradisjonen har eksistert, sette nok årets friluftsgudteneste rekort både vêrmessig og når det gjeld besøkstal.

Med lauvsprett og nysnø i fjella vart det ei veldig fin rame rundt friluftsgudstenesta, og ein spesiell dag vart det nok også for Natascha Maria Nordvik som vart døpt under gudstenesta som foregikk ved ekkerkanten på Haugligardane og med utsikt over bygda og fjella i rundt.

DSC_0522

Det vart nok ein minnerik dag for dåpsbarn og foreldre. Natascha Maria Nordvik saman med foreldra Jaqueline og Gunnar Nordvik. Foto: Jon Olav Ørsal

Litt spesielle arbeidsforhold vart det nok for sokneprest Bernt Venås og hans stab som nok ikkje er vant til slike omgivelse i sin normale arbeidsdag. Etter gudstenesta sørga trimgruppa i Todale I.L. for servering av kaffe og nygrilla pølser, og publikum hadde det slett ikkje travelt med å kome seg heim etter gudstenesta.

Nedafor har vi bildeglimt frå friluftsgudstenesta på Haugligardane.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 21. april 2014, 17:00 - Sist oppdatert: 22. april 2014, 07:21