Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rundar av Todalsdagen med konsert på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. juni 2016

Etter ein lang dag med mykje fotball, mosjonsløp og mange andre aktivitetar er det laurdag kveld tid for å slappe av med litt god musikk og kortreist grillmat på bakken framfor Todalshytta.  Da entrar nemleg Jo Sverre Sande og Johanna Demker scena for å underhalde oss utover kvelden….

JoSverreSande

Jo Sverre Sande kjem til Todalshytta laurdag kveld. Foto frå Youtube

Jo Sverre har, på tross av sine 24 år, lang erfaring med låtskriving, spelling i band og konsertvirksomhet. og med sitt soloprosjekt har han virkeleg kome i sitt rette element. Tekstane baseres på hans kvardagsbetraktningar og personlege opplevingar, og melodiene er ei blanding av viser som er godt forankret i pop-sjangeren.

JohannaDemker

Johanna Demker – bilde frå opptreden på Raus 2016-konserten tidlegare i vår. Foto: Jon Olav Ørsal

Johanna Demker er godt kjent i Todalen frå si deltaking på både Raus 2015 og Raus 2016 på Gammelfabrikken. No er ho altså attende i Todalen og går på scena saman med Jo Sverre.

Konserten startar altså laurdag 2. juli kl 19.00 på Todalshytta.

Publisert: 29. juni 2016, 07:00