Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Runda av sykkeltrimmen for i år

Runda av sykkeltrimmen for i år

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. september 2011

Onsdag kveld var siste kveld med sykkeltrim på Bordholmen. Med unnatak av ferietida har det vore sykkeltrim annakvar onsdag i sommar. Tilsaman har det vore 7 kveldar og over 150 deltakarar, noko trimgruppa er godt nøgd med når ein tek omsyn til at det har vore fleire regnverskveldar på terminlista. Ei gulrot for å få til god deltaking har vore trekkjing av eit gåvekort på kr 500. Her vart det Lars Sæther (Todalshaugen) som trekte det lengste strået, og fekk premien.

Elles var det også trekning av Sykkeltrimlotteriet, der det var eit gåvekort på kr 1000 i tillegg til møblar og anna utstyr som har vore lodda ut. Her kan du finne trekningslista nedafor:

  • Gåvekort kr 1000 – Ole Stensby
  • Glasskåp frå Talgø – Jorunn Ness
  • Hjørnebord frå Talgø – Marit S. Søyseth
  • Kommode frå Talgø – Sigrun Ørsal
  • Leketraktor – Sindre Bruset
  • Timer for eltilkobling – Tor Holten

Nedafor finn du bilde frå trimkvelden og frå trekkjinga.   Foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 15. september 2011, 06:00 - Sist oppdatert: 14. september 2011, 21:08