Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Rulla’n heilt ut….

Rulla’n heilt ut….

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. oktober 2011

Torsdag dreiv Lars Kvendset og Gunnar Nordvik storstila plenlegging attafor Gammelfabrikken. Mellom den nybygde utstillingshallen og elva vart det til ei ny plen på 2-300 m2 i løpet av nokre formiddagstimar. På førehand hadde dei saman med Per Gjeldnes med gravemaskin gjort eit grundig planeringsarbeid. Så alt var klart når bilen frå Grøa Gartneri kom med fleire pallar med fin og grøn plen på rull. Ja, den kom faktisk i små rullar på 2,5 meters lengde og 0,5 meters bredde. Så var det bare å rulle den ut, og vips så var det ferdig plen! Vi fekk med oss innspurten av plenlegginga, og etterpå skulle den vatnast og valsast, slik at den var jevn og fin. Og til våren er det klart for plenslått.

Lars og Gunnar har saman med Per Gjeldnes jobba med uteanlegget på Gammelfabrikken store deler av sommaren, og det vises godt når ein tar anlegget nærare i ettsyn. Det er bygd mange murar, og laga ein kunstig bekk frå dammen og ned mot Gammelfabrikken, med utløp i Toåa.  I tillegg er det bygd mange terrassar i tre eller stein, der det er vist korleis ein kan kombinere stein og tre i mange forskjellige dimensjonar og kombinasjonar. Dette er gjort for å demonstrere bruken av MøreRoyal-produkta for forhandlarar og andre interesserte som kjem på besøk for å sjå den nye Talgø OutLiving-kolleksjon.

I bildegalleriet nedafor viser vi bilder frå plenlegginga og fra uteanlegget på Gammelfabrikken. Staseleg har det vorte!     Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 1. oktober 2011, 06:00