Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rossåa settefiskanlegg med planting av augerogn

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 21. januar 2021

I ein epost frå Monika Klungervik, ved Rossåa settefiskanlegg, har vi fått eit referat frå gårsdagens planting av augerogn i Toåa ovanfor Ramsøya. Augerogn er laksefoster som har fått synlege auger. Tida det tek frå stryking, som skjer i oktober, og fram til det har blitt augerogn, tek rundt 220 DGR (døgngrader) og er såleis direkte påverka av temperaturen i vatnet i elva. Vanlegvis skjer plantinga av augerogn i Toåa i slutten av februar eller i starten av mars. Sidan temperaturen i Rossåa siden oktober har vore høgare enn vanleg, har augerogna vokse raskare og årets planting vart difor 1-1,5 månad tidlegare enn vanleg. 

Slegge måtte til for å få hol på isen. Foto: Rossåa settefiskanlegg

Vanlegvis er elva isfri når plantinga blir gjort. Men i år måtte ein ta i bruk slegge for å slå hol på isen slik at plantinga kunne gjennomførast. Så det vart litt «ekstraarbeid» for Kjetil, Bjørnar og Tommy, men det tok karane med godt humør, og var berre glad for ei «ekstra» fysisk utfordring.

Det vart planta 26000 augerogn. Dette er overskottsmateriale med rogn frå strykinga hausten 2020. Resten av rogna blir gåande i kar ved Rossåa settefiskanlegg til dei blir smolt. 

Dette markerer kvar det er planta augerogn. Desse markeringane må ikkje takast ned! Foto: Rossåa settefiskanlegg

Vibertboksane er i år, som tidlegare år, merka med gule band. Det er òg hengt opp gule band på elvekanten slik at dei lettare skal kunne finne dei att for å sjekke klekkesuksessen ut på sommaren. Det er difor viktig at ingen fjernar desse banda før boksane, der augerogna vart planta, er tekne oppatt.  

 

Stamlaksen som blir brukt i smoltproduksjonen blir fanga i Toåa i løpet av september. Det er Todalen elveigarlag som står for fanginga. Etter fanginga blir laksen frakta til Bjøråa stamfiskanlegg og står/går der til den er moden for stryking, heile tida overvaka av Rossåa settefiskanlegg sine tilsette. Stryking og befruktning blir gjort i Bjøråa stamfiskanlegg. Når rogna er befrukta blir den transportert til Rossåa settefiskanlegg og lagt i klekkesylindrar. Her ligg rogna til den har fått auger og altså har blitt augerogn. Augerogna ligg i vibertboksane i totalt 580 DGT før den har forvandla seg til lakseyngel og går ut i elva. Difor er det særs viktig at boksane får stå i fred i elva. Rossåa settefiskanlegg tek oppatt boksana sjølv etter å ha sjekka at all lakseyngelen har gått ut i elva.

Under ser du nokre bilder til frå gårsdagens planting: 

Først publisert: 21. januar 2021, 16:02 - Sist oppdatert: 23. januar 2021, 23:48