Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Romjulsmarsjen er utsett til 4. juledag

Romjulsmarsjen er utsett til 4. juledag

Jon Olav Ørsal Torsdag 27. desember 2012

På grunn av snøstorm og uvêr er Romsjulsmarsjen utsett til 4. juledag (28.12). Starten skjer til same tid, mellom kl 12 og 15. Det er trimgruppa i Todalen I.L. som melder dette til Todalen.no. Det er no sterk vind og snøfokk, og etter vêrmeldinga på yr.no vil det vedvare utover dagen. Vermeldinga til 4. juledag er imidlertid bra, med opphaldsvêr og vinden vil også løye.

Todalen idrettslag står også som arrangør av julerevyen «Vassækte jul«, med en forestilling kl 15.00 og hovudforestilling som startar kl 21. Desse arrangementa går etter plana, og billettar kan kjøpast på matkroken Todalen eller ved inngangen i Todalen ungdomshus. Til kveldsforestillinga er det ope hus frå kl 20.00, med salgs avb mat og drikke.

Publisert: 27. desember 2012, 12:03