Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Romjulsmarsj på glattå

Romjulsmarsj på glattå

Elinor Bolme Torsdag 29. desember 2011

I dag vart den utsette romjulsmarsjen arrangert, og ein god del deltok på rundturen rundt bygda. Leiar i trimgruppa, Jostein Bruset kunne fortelje om 105 utdelte medaljar, noko han var godt nøgd med etter ei litt turbulent start på jula. Trimgruppa hadde også i år stasjon både i Sandstad- og Brusetkrysset, med servering av gløgg og kakao. Attåt var det høve til å ta lodd til inntekt for trimgruppa og idrettslaget.

Føret rundt bygda var det ikkje noko å skryte av, da det var direkte glatt frå Halsabrua og opp til Bruset på sørsida. Veret var det ikke noko å utsette på, da vi definitivt har sett det dårlegare…

Dei heldige vinnarane på loddsalget var: Holbakkgutane, Marie Elvagard, Johan Trøn og Martin Talgø.

I dag prøvar vi oss på kun husnamn som «etternamn» i galleriet.  Alle foto ElinorB

Alle foto: ElinorB

Publisert: 29. desember 2011, 18:05