Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Rimfrost i natt…

Rimfrost i natt…

Jon Olav Ørsal Torsdag 19. september 2013

Hausten er i ferd med å feste grepet. I løpet av natt til torsdag er det nok kome rimfrost i vegetasjonen mange plassar. Det er nok ikkje noko unormalt, for vi skriv tross alt 19. september, og må nok rekne med at det blir meir av den sorten. Temperaturmålaren som er montert på eit par meter oppe på husveggen viser minimumstemperatur på +2,5 i løpet av natta.

Men tida er nok inne for tenke på planter og knollar som ikkje tåler kulde, f.eks. Skaugumbegonia. Ein må nok rekne med at det blir både kaldare og hyppigare frostnetter etter kvart.

Publisert: 19. september 2013, 09:22