Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
RætaOpp og til mål!

RætaOpp og til mål!

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. juni 2013

Ræta opp var kanskje hovudattraksjonen under laurdagens todalsdag-arrangement. 104 deltakarar stillt på startstreken da ordførar Mons Otnes smelte av startskotet og løparane kunne sette kursen ut frå Bordholmen i retning Halset-ræta.  Nokre sette på «full speed» heilt frå starten, og Halvor Drøpping gjorde runden på 11,59 og sette ny løyperekord. Men dei fleste tok livet med ro og bruka den tida dei trong. Og det var kanskje fornuftig, for premieringa var lagt opp til at ein skulle koma så nær idealtida som muleg. Og den vart i år 42,49.

Vi har laga ein bildeserie frå løpet, med mange bilder frå start og innkomst, men også nokre som er tekne på vegen opp gjennom Halset-ræta.  Sjølv om dei fleste bilder er frå innkomsten og dermed frå racerklassen så vil du kanskje finne kjentfolk i bildegalleriet vi har laga. Det ble registrert tid på alle deltakarar under løpet, som du kan laste ned her på resultatlista.

Bilder frå Ræta opp finn du i galleriet nedafor.  Alle bilder: Elinor Bolme og Jon Olav Ørsal

Først publisert: 29. juni 2013, 22:01 - Sist oppdatert: 1. juli 2013, 11:23