Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Renovering i barnehagen

Renovering i barnehagen

Elinor Bolme Tysdag 28. september 2010

Barnehagen hadde i vår befaring av fagfolk med tanke på sikkerheta på uteområdet. Dette medførte ein del feil og manglar som måtte rettast opp. I den anledning vart det bestemt at det skulle innvesterast i nytt leikeapparat som både skule og barnehage skulle ha nytte av. Difor har det no vorte anskaffa eit stort og utfordrande leikeapparat attmed ballbingen. Forøvrig utan at det går utover komunalt budsjett, da dette vert finansiert av det som sto att etter at Todalen Skule for nokreår sidan vann 100 000 kroner på returkartonglotteriet.

Deler av anleggsarbeidet har også denne gongen stort sett vore gjort på dugnad av nokre av foreldra.

Her er det Arnt Ivar Brøndbo som er innleigd som gravar, med ein trufast tilskuarskare.

Også ungane driv i anleggsbransjen.

Alle foto: Eirin Beathe Sollid Polden

Publisert: 28. september 2010, 16:30