Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rekordtidleg sesongåpning og klargjering for nye investeringar

Elinor Bolme Tysdag 18. april 2017

I påskehelga har det vore full aktivitet på Surnadal Golfklubb sin bane på Kvanne. Påskelaurdag var det rekordtidleg sesongstart med påskescramble. Medan det 2. påskedag var dugnad for å grøfte til kablar og å få på plass «hus» til dei nye robotklipparane som er bestilt.

Egna utstyr gjer halve jobben!Einar Grønnes gjorde gravejobben med einskjærs plog bak på traktoren.

Snart er det klart for installering av heile 18 klipperoboter rundt omkring på Surnadal Golfpark. Her ser vi eit av «hundehusa» som skal være ladestasjon til robotane.

 I løpet av dei siste dagene har Stig Talgø, Geir Berntsen og Anders Fridtjof Røen gjort ein stor innsats med planlegging, kapping og montering. Dette er eit retteleg spennande prosjekt som berre Nøtterøy GK har forsøkt før i Norge.

Resultata frå påskescramblen og fleir bilder frå dugnadal finn du på Surnadal Golfklubb si eiga heimeside

Alle foto: Surnadal Golfklubb

Publisert: 18. april 2017, 22:13