Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Rekordinnsamling av Saniteten

Rekordinnsamling av Saniteten

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. april 2013

Todalen sanitetsforening har denne laurdagen hatt ope for kle-innsamling i Sanitetshuset. Det er no 6. året dei helg på med dette prosjektet, og det blir nye innsamlingsrekordar kvart år. Denne gongen vart det heile 142 sekkar med klær, leiker og anna som skal sendast til Estland. Det skjer i samarbeid med estlandforeninga i Rindal, som organiserer transport til Estland for utdeling til folk og institusjonar som treng hjelp.

Det kom faktisk folk frå heile kommunen for å levere inn klær som dei ikkje treng lenger, og lagerskuret til Todalen sanitetsforening vart nesten fullt før dagen var omme. Dei tok 25 kr pr sekk, som skal dekke transport til Estland, og det betalte folk gladeleg for å bli kvitt «overskotslageret».  Sanitetsforeninga spanderte kaffe og litt heimebakst på dei som kom og leverte, og det var til tider livleg i sanitetshuset denne laurdagen.

Ledar i Todalen Sanitetsforening Maren Ansnes berømmer medlemene som stiller opp på det eine arrangementet etter det andre, og skryter uhemma av det gode miljøet i foreninga. Arbeidet som sanitesforeninga gjør er både sosialt og nyttig, fortel ho til Todalen.no.

Publisert: 20. april 2013, 20:48