Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rekordeltaking på Kvenndalsturen

Jon Olav Ørsal Fredag 9. juni 2017

Torsdag var stavganggruppa på tur til Kvenndalen.  Med biltransport etter bomvegen inn til gapahuken var det ei flott utgangspunkt for spaserturar i fleire retningar, og den enkelt kunne legge stavgangeturen etter ønskeleg nivå. Rundt 60 deltakarar er vel nærast rekord og iallfall årsbeste skulle vi tru.

Noko av forklaringa til den store deltakinga var nok at ei gruppe frå ungdomsskulen vart med på turen.  Dei har omsorgsarbeid som valfag, og formålet deira med turen var å øve seg i å ha kontakt med «vaksne folk».

Turen vart ei fin oppleving for alle i det fine turværet og det var veldig koseleg når turen vart runda av med ein lang og god kaffepause innmed gapahuken, før kvar enkelt tok på heimveg igjen.

Fotogalleri frå Kvenndalsturen – alle foto: Sigrun Ørsal

Publisert: 9. juni 2017, 10:52