Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rekord for romjulsmarsjen!

Jon Olav Ørsal Fredag 27. desember 2013

Det var nok det fine føret og varmegrader i lufta som gjorde att det vart rekorddeltaking på Romjulsmarsjen 2013. Det er nok første gong at over 160 deltakarar har delteke på romjulsmarsj, og TILs trimgruppe kom faktisk i knipe med sine 150 medaljer som dei var sikre på var nok. På vegen rundt bygda var det både Quiz-konkurranse, lotteri, tipping og ikkje minst servering av varm gløgg med tilbehør.

Teamet Emma, Bror og Turid vann quizen, og dermed sin velfortjente premie. Tre stk hadde alt rett, men dei var nærast på tippinga av nøtter, og det gjorde utslaget for å gå heilt til topps. Rett antal nøtter i krukka var 148. I lotteriet var det 4 gevinstar, her vart det følgjande vinnarar. Dei var Randi Halset, Ingrid og Karina, Ingrid og Jan og Ilmie Halle.  Jorunn Nordvik i TILs trimgruppe takkar for godt oppmøte og god innsats.

Ein rundtur med kamera ga mange bilete frå romjulsmarsjen. Dårleg fotolys og motiv i bevegelse får ta noko av skylda for at ikkje alle bileta er i god fokus, men vi tek dem med lell!  No med oppdaterte bildetekster!  Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 27. desember 2013, 19:13 - Sist oppdatert: 28. desember 2013, 14:56