Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

REKO-ringen med vareutlevering

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 28. august 2020

Torsdag kveld hadde REKO-ringen i Surnadal/Rindal vareutlevering på parkeringsplassen til ALTI-Surnadal. Mange møtte opp for å hente varene dei hadde bestilt frå dei forskjellege lokale matprodusentane via Facebook-gruppa til REKO-ringen i Surnadal/Rindal.

Vorpa røkeri er blant dei som leveres via Reko-ringen

REKO-ringen i Surnadal/Rindal er ei gruppe lokale matprodusentar som sel forskjellege eigenproduserte matprodukt via Facebook-gruppa til REKO-ringen. Alle produsentane marknadsfører produkta sine via denne Facebook-side og kundane kan enkelt finne varene dei ønskjer og å bestille dei frå dei forskjellege produsentane via Facebook-sida deira. REKO-ringen har vareutlevering omtrent ein gong i månaden, og ein betaler direkte til kvar leverandør ein handlar av med Vipps, kort eller kontantar, noko som gjer det enkelt å hente varer frå fleire produsentar samtidig på same plass. Det kan og avtalast henting av varer ved oppmøte hjå produsentane, men då berre produkt frå denne leverandøren.

Tanken bak REKO-ringar er at produsentane skal unngå eit fordyrande salsledd, og samstundes auke tilgjengelegheita av lokalprodusert kortreist mat til forbrukarane. Med dagens store kjeder innafor daglegvarehandelen er det nærast umogleg for små nisjeprodusentar å kome seg inn som leverandør hjå desse. Dette skuldast først og fremst at dei er for små til å greie å produsere nok av ei vare i høve til det kjedene krev/etterspør. Men einskilde butikkar tek sjølvsagt inn nisjeprodukt frå lokalprodusentane på eige initiativ, men då som «ekstra» produkt i tillegg til det kjedestyrte sortimentet.

Ferskost er eit av produkta som Todalen Meieri leverer via REKO-ringen. Foto: Anders Gjeldnes

Så ved at dei lokale matprodusentane i Surnadal og Rindal har gått saman om opprettinga av ein REKO-ring og ei felles Facebook-gruppe har dei på ein enkel og grei måte greidd å skaffe seg marknadsføring og sal av produkta sine. Konseptet er tilpassa både bitte små og litt større lokale matprodusentar som tilbyr kortreist mat og gjer at marknadsføring og sal blir tidseffektivt slik at kvar einskild produsent får meir tid til produksjon og vidareutvikling av produkta, samt utvikle nye. Forbrukarane får på ein enkel måte oversikt over kva produkt som til ei kvar tid er på marknaden og kven som produserer dei. Frå Todalen er det Todalen Meieri og Viastua Gårdsprodukter som er leverandører via REKO-ringen.

Youghurt fra Todalen Meireri – leveres som søt og naturell. Foto:Anders Gjeldnes

 

På stand med Todalen Meirei – Olaug Kvendset klar med blokka , medan Linda S. Botten er kunde. Foto: Anders Gjeldnes.

 

Publisert: 28. august 2020, 08:00