Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Rekkverkbygging i Råssåa

Rekkverkbygging i Råssåa

Ole Petter Talgø Laurdag 9. oktober 2010

Fredag var det bygging av rekkverk rundt inntaksdammen til Råssåfoss Kraft i Kvendsetdalen. På den måten kan ein på ein tryggare måte ta ein titt på dammen og anlegget rundt, spesielt no når vi går ei glattare og kaldare årstid i møte.

Det er mogleg å ta ein tur ned til demninga samtidig som ein tek ein trimtur. Frå Gammelsetra er gammelseterstin merka, som går frå postkassen på Gammelsetra ned til Råssåa like nedanfor demninga. Merk at ferdsel er på eige ansvar, og det er ikkje lov å bade, fiske, surfe (anna enn på Todalen.no) eller driva med anna aktivitetar ved dammen.

Først publisert: 9. oktober 2010, 07:00 - Sist oppdatert: 8. oktober 2010, 22:26