Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ræta Opp – har du starta oppkøyringa?

Ræta Opp – har du starta oppkøyringa?

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. mai 2013

Laurdag 29. juni kl 12 går startskotet for årets store mosjonsløp – Ræta Opp.  Ræta Opp blir arrangert som ein del av programmet under Todalsdagen, og vart første gong arrangert i fjor. Da stilte det over hundre deltakarar på startstreken. I år blir det nok mykje meir, trur primus motor for Ræta Opp og Todalsdagen Knut Bergli. Todalsdagen blir nok mest prega av barnefotballen denne dagen, der rundt 40 lag med miniputtar, lilleputtar og lillegutter/-jenter vil kjempe om ballen gjennom heile dagen.

Ræta Opp er eit mosjonsløp, der du sjølv kan bestemme om du vil sette løyperekord, eller om du berre vil konkurrere med deg sjølv og dei flotte premiane som blir delt ut på etter målgang på idealtid. Ræta Opp vart arrangert første gong i 2012, etter initiativ frå Ingvild Kårvatn. Deltakaravgifta gikk den gongen uavkorta til kreftramma born i Møre og Romsdal. I år går heile deltakaravgifta til hjartesjuke born i Møre og Romsdal, og vi tippar at det blir ein bra slump med pengar skal ein døme etter interessa for å bli med. Ræta Opp har start og mål på Bordholmen, og løypa er 3 km lang og går i ei sløyfe borti Halset-Ræta før det blir målgang på Bordholmen. Meir info om Ræta Opp finn du i innbydinga som du kan laste ned her.

Først publisert: 9. mai 2013, 11:19 - Sist oppdatert: 26. juni 2013, 00:15