Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Reisebrev frå Kilimanjaro

Elinor Bolme Måndag 24. februar 2014

Kilimanjaro. Verdas høgaste frittståande fjell, og Afrikas høgaste. 5895 meter over havet. “How hard can it be” tenkte vi da vi bestilte turen i fjor haust. Kvalitetsutstyr vart innkjøpt frå hoffleverandør Kårvatn Fjellutstyr, og alt var pakka og klart da vi sette oss på flyet fredag 24. januar. Med snø i lufta på Gardermoen må det innrømmast at det faktisk var litt kjekt å komme til gode sommartemperaturar (25-30 varmegrader) da vi landa på Kilimanjaro International Airport nær Moshi, Tanzania. Første dagen/natta var vi innlosjert på Springlands Hotel i Moshi, eit hotell som er eigd av den Tanzanianske turoperatøren Zara. Der møtte vi også resten av gruppa vi skulle gå saman med. Til saman var vi 6 personar frå Noreg, pluss 3 guider, kokk, kelner og mange bærarar. Alle desse som skulle følge oss på fjellet var lokale, eit krav som er satt av myndigheitene i landet. Hovedguiden heitte Gasper, og med seg hadde han Dennis og Benedict som skulle bytte på å gå først på vegen opp til toppen.

 

Vi hadde valgt ei av dei lengste og naturmessig finaste rutene opp mot toppen, den såkalte Lemosho-ruta. I tillegg hadde den lagt inn ein ekstra roleg dag for å få best mogleg akklimatisering for høgda og dermed betre sjanse for å klare og kome til toppen. Denne ruta ville ta oss frå regnskog via lyngskog til arktisk ørken og ned igjen i løpet av 7 dagar.

 

Søndag 26. Januar gikk startskuddet. Vi lasta opp i ein Land-Rover med lokal sjåfør. Det tok oss ca 2 timar å nå innfallsporten til Kilimanjaro National Park der vi måtte vente litt for å få alle tillatelsar i orden. 1 times tid seinare fekk vi verkeleg følelsen med kvifor vi måtte ha Land Rover for å kome opp til startpunktet på 2100 moh. Alt går tydelegvis bra med rett utstyr og god fart.

 

På grunn av høgda var det nødvendig å ta det veldig med ro på vegen oppover. Det var to ord på Swahili vi vart godt kjent med på turen “Twende” som betyr “gå” og “pole pole” som betyr sakte fart. “Twende pole pole” vart eit godt kjent uttrykk gjennom dagane. Dei einaste som ikkje gjekk etter det uttrykket var bærarane våre, som nærast sprang forbi oss med 20kg eller meir på hovudet. Og enkelte av dei hadde berre slippers på føtene.

 

Første strekket gjekk gjennom regnskog, og første campen var i regnskogen. Big tree camp, eller Forest Camp som var det offisielle namnet. 2829 meter over havet. Litt høgare tregrense enn i Noreg altså. Sidan bærarane var litt sprekare enn oss, så var alt middagsteltet oppslått når vi kom fram, og det første som møtte oss var te og popcorn. Faktisk. Og berre for å ha sagt det først som sist – maten var berre heilt fantastisk. Til middag hadde vi som regel tre-retter, med suppe først, noko med kjøtt/kylling og ris/poteter til hovudrett og te og frukt til dessert. Frukosten var som regel havregraut først, før egg og pølser. Og frukt. Heldigvis fekk ingen av oss problem med dårleg apetitt.

 

Om nettene var det frost på dei høgare leirane, og da var dunsoveposen utruleg kjekk å ha. Spesielt sidan vi som regel la oss i 8-9 tida på kvelden og sov til 6-7 på morgonen. Allereie på andre campen, Shira II, på 3900 moh, merka vi at det var betydeleg kaldare om natta. Det var rima på teltduken da vi stod opp i 6-tida. Men når sola kom fram så vart det behageleg varmt igjen, sikkert rundt 10-15 varmegrader. Dei dagane vi var på Kilimanjaro så opplevde vi som regel litt tåke og/eller litt regn på ettermiddagen. Men som regel så letta det på kveldstid og var klårt og fint heilt til neste dag. Og bra var det, for stjernehimmelen sett frå Kilimanjaro var berre heilt fantastisk!

 

Frå 3000 m og oppover merka ein at det var litt mindre oksygen å gå på. Ein såg det mest på at det skulle mindre til før ein vart sliten og måtte ta ein pause for å puste litt. I tillegg var det akkurat som ein heldt på å få bihulebetennelse, med litt ekstra trykk i bihulene. Dette gjekk som regel over etter ei natt. Det var først frå siste campen på 4600m og opp på toppen at ein verkeleg måtte konsentrere seg for å puste.

 

Som sagt så låg camp 2 på 3900 moh. Den dagen gikk vi i to etappar, først 4 timar fra Forest Camp til Shira I på 3505 moh, og lunch der, og så 4 timar til fram til Shira II. Dag 3 var ein akklimatiserings-dag. Da gikk vi først opp til Lava Tower på 4637moh der vi hadde lunch, før vi gikk ned igjen til 3976 moh og Barranco camp der vi skulle overnatte. Dag 4 begynte med ein ganske bratt vegg kalt “The Barranco Wall”, eller “Breakfast wall”. Om det er fordi den blir gått rett etter frokost eller fordi mange legg igjen frokosten sin der er uvisst. Men for den som er vant til fjella i Trollheimen var ikkje 150 høgdemeter stigning så veldig stor utfordring. Etter rundt 3 timar gange var vi framme ved Karanga camp, 4033 moh der vi skulle vere til neste dag. Også dag 5 skulle vere ein roleg dag. Berre 3-4 timar gange frå Karanga camp til Barafu camp, som skulle vere “Base camp” for topp-støtet. Barafu camp ligg på 4673 moh. Vi kom fram dit til lunch, og sidan vi skulle starte på turen til toppen ved midnatt same dag så var det berre å legge seg i soveposen rett etter lunch for å få nokre timar søvn.

 

Klokka 23:00 fekk vi servert “tea and biscuits” før det bare var å dra på seg dunjakken og begynne å gå mot toppen litt før midnatt. Det var mørkt og kaldt, men ein fantastisk stjernehimmel. Og det var mogleg å sjå hovudlykter både framom seg og bak seg. Det var forholdsvis bratt, men i den høgda vi var i så var det ikkje den bratte bakken som var største utfordringa. Det gikk sakte nok til at ein ikkje vart sliten, men hvis ein ikkje fokuserte på å puste tungt og mykje så vart ein rett og slett svimmel og kvalm. Slik gikk vi i rundt 5-6 timar og for det meste fokuserte på føtene til den som gjekk framom, samt på å puste. Så fekk vi plutseleg beskjed om at vi berre var 15 minutt unna Stella Point, som betydde slutten av den lange bakken. Derifrå var det berre 1 km og 150 høgdemeter igjen til det høgaste punktet. Det var heilt greit å komme opp dit og sjå målet i det “fjerne”. Det var herifrå ein verkeleg fekk ein indikasjon på at ein var høgt oppe. 1km og 150 høgdemeter er jo eigentleg ikkje så langt. Men det tok oss 1 time å gå. Men det var verdt det!

 

31. januar klokka 06:20 såg vi soloppgangen frå Uhuru Peak, 5895 moh.

IMG_0410

 

Turen ned igjen gjekk betrakteleg fortare. Vi hang oss på den raskaste av guidane våre, og var nede i Barafu Camp kl 08:30. Der fekk vi sove nokre timar før vi gjekk vidare ned til Mweka Camp på 3068 moh rett etter lunsj. Der vart vår siste natt på Kilimanjaro. Dagen etter gjekk vi ned til ca 2000 moh, der vi vart henta og køyrt tilbake til hotellet vårt i Moshi. Der fekk vi overlevert bevis for at vi har vore på Uhuru Peak frå hovudguiden vår, Gasper. Vi ga også ekstra tips til bærarane og guidane våre. Fast betaling var visstnok $4 dagen for bærarane og $5 dagen for guidane. Så den ekstra tipsen vi ga var småpengar for oss, men mykje for dei. Og dei hadde så absolutt gjort seg fortjent til det.

 

 

For todalen.no i Afrika – Brit og Dag Sverre

 

Først publisert: 24. februar 2014, 07:00 - Sist oppdatert: 23. februar 2014, 21:18