Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Reisebrev frå British Colombia

Jon Olav Ørsal Måndag 15. desember 2014

I august reiste Jan Vidar Øyen til Canada for å fortsette studiene der.  Han bur i byen Kamloops, der han er utruleg nær naturen og trivs godt med det. No har han sendt oss eit reisebrev, der han fortel litt om livet i Kamloops i deltaten british Colombia i Canada og han har sendt med nokre bilde som vi legg ut i galleriet nedafor reisebrevet.

Jan Vidar Øyen skriv: «Eg reiste over dammen til Canada  i august, og sidan da har eg budd i den tredje største byen i territoriet British Columbia – den heiter Kamloops. Eg fekk meg husrom i noko som er blitt døypt «the adventure house» som fritt oversett betyr eventyrhuset, der eg bur med 5 studiekameratar. – Noko som er utruleg bra, da vi alle er gira på å bruke mykje tid ute og med oppgåver i frå studiet. Kamloops i seg sjølv ligg i ein ørken og er ganske rolig, men er heldigvis utruleg nærme Rocky Moutains og Revelstoke skisenter.

Studiet er da kalla Adventure sports studies (friluftsaktivitetstudie) som inneber alt i frå sjø og elve kajakk, til fjellturar og klatring. Ein god porsjon av kurset er og rekneskapsføring og bedriftsstruktur for turistorienterte firma. Saman med det å utvikle risikoplan og analysar for liknande firma. Seinare utpå våren blir det og kurs på tilkomstteknikk og redning på plasser som inneber bruk av tau og heising. Studiet er tatt for å vere ein av dei fremste på sitt felt og er utruleg industriretta mot turisme og det å bruke natur til å skape eit marked for opplevingar.

Eg er også glad i å ta bilde, så eg legg ved ein del. Let bilda seie sin del om korleis det kan vere å ta eit avsluttande år i Canada. Her er det fotografi i frå både fritid og skule i ei god blanding».

Jan Vidar har sendt oss nokre bilder som viser litt av aktivitetande han driv med i samband med studiane i Kamloops i Canada.  Foto: JVØ

 

Først publisert: 15. desember 2014, 05:00 - Sist oppdatert: 14. desember 2014, 23:47