Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Reisebrev: Bakels på Sjømannskyrkja i Singapore

Jon Olav Ørsal Sundag 16. mars 2014

Borghild og Terje Talgø er på i Østen på messebesøk. 3 store messer har dei beøkt i løpet av eit par veker, før dei no snart vender nasen heimover igjen. Sist laurdag vart det tid for eit besøk i Sjømannskyrkja i Singapore, og Borghild har skrive reisebrev om besøket der.  Bakels er varemerket for Sjømannskyrkja, og sjølvsagt vart det traktering med bakels og kaffe da dei kom på besøk. Og Borghild kvitterte med CD til Sjømannskyrkja, – med song og musikk frå Todalskoret og Åsskard kyrkjekor der ho er aktiv songar.

«Helsing frå Sjømannskyrkja i Singapore.

Internasjonale møbelmesser har vore arena for oss dei siste 14. dagane. Mykje interessant og fint å sjå! Ein føremiddag no i helga tok vi oss ein tur «på byen», og da hadde vi Sjømannskyrkja og Svenska kyrkan i Singapore i tankane.

IMG_7249

Nystekte bakels er «varemerket» til Sjømannskyrkja rundt heile verda. Foto: Borghild Talgø

Det første vi såg når vi kom opp bakken, på adresse Norwegian Seamens Mission,  i 300 Panjang Road, var faktisk eit norsk fareskilt med elg – og Kong Haralds vei…   Vi vart teke imot som gamle vener av Anikka på Sjømannskyrkja. Vi møtte og dagleg leiar, diakonane og til og med presten Eva Marie med tvillingar på 14 dagar! Alle var der fordi det var stor konfirmasjonsleir og servering av risengrynsgraut, som er fast meny kvar laurdag. Og den var god!

Det bur ca 2000 nordmenn og 2000 svenskar til ei kvar tid her. Av desse er det 500 studentar. Her arbeider den norske og den svenske kyrkja i lag. Den norske vart starta i 1955, medan svenskane vart med frå 1984. I 3 år arbeider staben i snitt på same plassen, fortel Annika som er vikar for ein diakon i permisjon.

IMG_9691

Da vi var på besøk var det konfirmasjonsleir på Sjømannskyrkja. Foto: Borghild Talgø.

Det blir mange oppbrot, men også mange nye kontaktar. Annika fortel og at det er 14 faste aktivitetar kvar veke og da er alle aldrar og grupper med.  Studentkveld er det ein gong pr månad, og da er det alltid stort oppmøte, og norsk mat står da på menyen. Alle vi møter har mykje å fortelje om det som rører seg.

Nordmenn og svenskar vert kvart år inviterte til norsk sjømannskveld, denne var på onsdag denne veka. Da var det venteliste, og 997 kom inn og det var 98 kokkar med på trakteringa. Arne Hjeltnes var i aktivitet, det var stor stas. Han skulle også koma hit i ettermiddag. For orden skuld var ikkje dette arrangementet i kyrkja, men ein annan stad med meir plass. Kyrkjehusa var ganske ordinære og små, ikkje så fine som kyrkja heime. Avsluttar med at det er 25.000 personar på besøk kvart år i Sjømannskyrkja i Singapore.

Tusen takk for oss, ojsann, eg glømte å fortelje om det som eigentleg var ærendet, nemleg å levere ein prøve-CD, med 9 songar med Åsskard kyrkjekor og Todalskoret! Gamle flotte slagarar osv. Hermed personleg levert!

Helsing Borghild og Terje»

 

Publisert: 16. mars 2014, 20:00