Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Reine klondykestemninga i natt og i morgontimane

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. juni 2017

Tidleg på føremiddagen torsdag nærma fangstrapportane seg 10-talet med laksar som er komne på land i Toåa.  Rekorden i år er det framleis Frank Haugrim som har med den 8,5 kgs laksen han tok berre minutter etter at laksefisket starta. I morgontimane i dag tok han like godt laks nr 2 som og var ein fin fisk på 5,5 kg – også den teken på flue i Hagan ved Bruset. det er ikkje rart anna enn at stemninga var god da vi besøkte Todalshytta i føremiddag.

Frank Haugrim tok like godt sin laks nr 2 i hagan i føremiddag. Her saman med Ola Dalsegg, Anders og Emil. 5,5 kg viste vekta denne gongen. Foto: Jon Olav Ørsal

Terje Lind var også i Hagan i morgontimane, landa like godt ein laks på 8,1 kg. Terje lind fortalte at han var i Toåa første gongen i 1970, og har sidan 1970-talet vore til og frå gjennom ei årrekkje, og har saman med kompisen Thor Lerstang tilhald på Todalshytta. – Han har imidlertid aldri hatt slik start som i år, med storlaks etter berre nokre få kast.

Terje Lind – 8,1 kg på flue i Hagan ved Bruset. Her fotografer framfor Todalshytta, der Lind og resten av laksegjengen har tilhald. Foto. Jon Olav Ørsal

7-8 kg viste vekta for laksen som Rune Holtberget tok ved Skogstad i føremiddag. Den vart teken på mark etter nokre få kast, og kom raskt på land. Foto. Jon Olav Ørsal

I tillegg var det fleire som tok på land fisk frå starten og utover natta – konkret veit vi at Bjørn Anthony tok ein på 5,5 kg og elles vart det teke fleire3 kg og oppover.  I dag tidleg tok Rune Holtberget en på 7-8 kg ved Skogstad etter 4-5 kast. Den vart teken på mark, og han var borti på fleire kast før den endeleg satt skikkeleg fast på kroken.

Roar Lindbeck fikk også ein laks på kroken i Båthølen i morgontimane.  Vekta viste 5,1 kg for laksen som vart teken på Møresild og som satt på kroken etter 8-10 kast. Roar tok laksen inn på grunna, og kampen var unnagjort ganske raskt.

Far og son – Roar og Andreas Lindbeck. I år var det faren Roar som var først ute med ein laks på 5,1 kg i båthølen. Etter 8-10 kast satt den på møresilda, og da var det berre å dra den inn på grunna. Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 15. juni 2017, 10:59