Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Regnvêret  fortsett  –  betring  i  fisket?

Regnvêret fortsett – betring i fisket?

Jon Olav Ørsal Måndag 15. juli 2013

Snøsmeltinga var på det næraste ferdig før laksefisket starta i Toåa. Lite nedbør og dermed lita vassføring i Toåa har nok bremsa laksefisket så langt i sesongen. Det siste døgnet har det regna jamt, og vassføringa er no på veg opp.  Vêrmeldinga på yr.no spår meir regn utover veka, og det er no håp om at laksen finn vegen opp i Toåa, seier ledar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset.

Dei som har tenkt å nyte finvêrssumaren blir nok snytt denne veka, for yr.no melder om meir regn utover veka. Men for laksefiskarane er nok regnet og dermed høgare vassføring kjærkome.  Større vassføring vil nok sette fart på laksen som står og ventar på betre tilhøve i elva.

Publisert: 15. juli 2013, 10:01