Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Redningsaksjon for småbåt på Todalsøra

Jon Olav Ørsal Lørdag 7. oktober 2017

Bølgene frå ein floing senka ein småbåt på Todalsøra i føremiddag.  Store nedbørsmengder det siste døgnet gjorde nok at den flaut tungt i sjøen, og når det så vart litt ekstra bølger så vart båten fylt med vatn og dermed gikk den rundt og sank.

Dette var imidlertid oppdaga fort, og eit redningskorps som bestod av Terje Nordvik, Kolbjørn Halle og Håvard Halset aksjonerte for å redde båten opp på land. Det måtte brukast både båt og traktor for å få til dette.  Etter litt planlegging vart redningsaksjonen gjennomført planmessig, og båten kom etter kvart på land.  Både båten og motoren har nok fått ein skikkeleg dukkert, og det må nok ei overhaling til før båten, som tilhørte ein utflytta sjynågarding, kjem på sjøen igjen. 

Dette bildet er tatt i 13-tida i dag – her flyter båten ennå. Foto: Leif Arne Ness

Bilder frå redningsaksjonen på Todalsøra i føremiddag.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 7. oktober 2017, 17:53