Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Rasmasse blir ny veg

Rasmasse blir ny veg

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. september 2013

Massane som kjøres ut frå raset kjem til nytte som betre veg til Kårvatn. Måndag har 6 tippbilar gått i skytteltrafikk mellom rasstaden og Storenghølen som ligg straks før du kjem til Kårvatn. Her har det gjennom alle tider vore problem med at elva har gått over vegen når det har vore flaum. No skal vegen utvidast litt og det skal fylles slik at den blir høgare.

Når Toåa, som kjem frå Tovatna på grensa mot Oppdal går over sine bredder blir vegen omflødd både ved Storenghølen og ved Vassosen. Etter at Tovatna vart regulert er ikkje dette problemet så hyppig lenger, men frå tid til anna går elva oppi vegen. Ved å fylle opp og legge vegbanen litt høgare, vil ein no unngå dette problemet. Når det no er ledig masse frå raset er det i allfall gunstig å bruke denne massen til noko nyttig. Dalavegen, frå Bruset til Kårvatn,  er open heile dagen under vegarbeidet som pågår.

Raset og stenginga av vegen inn til Todalen har nok påvirka omsetninga ved butikken til Kårvatn Fjellutstyr.  Det har vore lenger mellom kundane no, ettersom det har vore tungvint og tidkrevjande å kome seg til Todalen og Kårvatn. Først var det ein periode med stengt veg, og med ferje som einaste muligheit. No, som vegen er open er det framleis problem på grunn av at FV671 er stengt på dagtid. Da blir terskelen høg for våre kundar som ønskjer å kome hit for å handle, seier Kristian Mossing ved Kårvatn Fjellutstyr. Heldig vis er FV 671 open for trafikk heile laurdagane. Etter pronosane frå Statens vegvesen vil det enno gå knappe 2 månader før vegen kan opnast permanent.

Opningstida ved Kårvatn Fjellutsyr er måndag, onsdag, torsdag og fredag : 10-16  Tysdag er butikken langopen 10-19 og laurdag 10-16

Først publisert: 24. september 2013, 05:00 - Sist oppdatert: 23. september 2013, 21:22