Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Rasarbeidet starter i morgen- oppdatert

Rasarbeidet starter i morgen- oppdatert

Elinor Bolme Tysdag 6. august 2013

Statens Vegvesen melder nå i ei pressemelding om at arbeidet med å renske rasstedet startar på ettermiddag i morgen, onsdag. Dette er den klart mest effektive måten å renske opp på, men kan desverre medføre at Todalen kan bli utan strøm ein kortare periode. Svorka vil under dette arbeidet være i beredskap på begge sidene , skriv dei i ei pressemelding no i kveld.

Hensikten med bombinga er å skylle vekk steinar og masse som kan utgjere ein risiko for dei som skal gjenoppbygge vegen. Etter vannbombinga vil eit fjellsikringsteam gå gjennom rasområdet og fjerne eller sikre det som måtte være att av stein som kan utgjere ein risiko.

Ellers er fergeberedskapen med bilferga MF Førdefjord i rute, og Vegvesnet håpar at dette er klart i løpet av kommande fredag.

Les heile pressemeldinga her: Vannbomber rasstedet i Todalen

Les pressemeldinga frå Svorka her: Pressemelding ras Todalen 4

Publisert: 6. august 2013, 15:21