Store nedbørsmengder det siste døgnet har fårt til at Dalavegen har rast ut i nedre del av Falla. Dermed er Dalavegen stengt for trafikk og oppsittarane ovafor Falla og butikken til Kårvatn Fjellutstyr er isolert frå omverda i morgontimane.
Per Gjeldnes Maskin og folk fra Surnadal kommune var alt på plass, og det vil nok bli sett igang arbeid med utbetring dersom det er trygt. Regnvêret er i morgontimane i ferd med å gi seg og da vil nok tilhøva stabilisere seg.
Det har regna god i løpet av natta og regnvêret og snøsmeltinga har ført til at det er mykje vatn i omløp. Vassmålaren ved Storfossen har i løpet av natta registrert 56 m3/sek, og det er ganske mykje utan at det blir definert som flaum.